Lykkeland sesong 10

Framgangen mot 2050 kom av at me skilde lag med flaksen som følgjesven, og etablerte ei ny forteljing

Av Klaus Mohn, rektor og professor, Universitetet i Stavanger

Stavanger, våren 2050. Rulleteksten går for siste episode av Lykkeland, og serien har fått ein slutt dei færraste kunne gjette seg til då første sesong gjekk over skjermen for snart tretti år sidan. Det blei nemleg ikkje ei forteljing om korleis oljen tok slutt, men ei forteljing om korleis me slutta å vente på avslutninga, og snudde forfall til ny framgang.

Ei forteljing som ikkje heldt

For å forstå kor me står i 2050, bør ein minne om kor me stod på midt på 2020-talet. Då var den rådande forteljinga om oljeverksemda som eit moderne norsk folkeeventyr: Framsynte politikarar, djerve næringslivsleiarar og ansvarlege fagorganisasjonar hadde bygd ei næring i verdsklasse. Det store symptomet på suksess var Oljefondet, som mange tenkte på som ein demonstrasjon på at me var uendeleg flinke, og ikkje berre heldige. Den gongen tenkte me at stabil oljeaktivitet skulle vere sjølve grunnlaget for den grøne omstillinga. «Utvikle, ikkje avvikle» var mantraet, og ingenting var meir naturleg enn at kompetanse og kapital frå sokkelen skulle finne vegen til havvind, hydrogen, batteri og CO₂-handtering.

Men i møte med røynda slo forteljinga sprekker. Skattepakka frå pandemiåret 2020 utløyste ein kø av feltprosjekt og investeringsrekordar langs kysten. Oljefesten trekte merksemd, folk og kapital bort frå nye næringar, og gav høgare lønsvekst, høgare kostnadar og ei seigliva rente. Fleire av dei grøne industrisatsingane stranda eller hamna på sotteseng. Forskinga fortalde det same: Gode tider dempar grøn forsking og utvikling, og land som lever av fossil energi står i fare for å gå i ei fossil teknologifelle, der kunnskap, kapital og infrastruktur blir låst til det gamle.

Etter festen kom testen

Det var ikkje annonseringa av ein sluttdato for oljeverksemda som la grunnlag for omslaget, men ei ny og meir audmjuk forteljing. Gradvis kom erkjenninga om at når det gjeld naturressursar, så spelar Gud terning. Noreg hadde slått seksar. Og dermed innsåg ein óg at flaksen er ein trulaus følgjesven. Erfaringane frå kolregionar i Europa og tidlegare oljeregionar i USA var tydelege: Dei som spesialiserer seg i ein ressurs verda vender seg bort frå, blir ståande att med svakare økonomi, lågare utdanningsnivå og færre nye føretak enn om dei aldri hadde funne noko i grunnen.

Lærdomen var enkel å formulere, men krevjande å gjennomføre: Omstillinga måtte planleggast minst like godt som utviklinga ein gong vart planlagd. I staden for å gå stadig lenger ut på planken, til det ikkje fanst alternativ, valde ein å vende om før fallhøgda vart for stor.

Sett frå 2050 peikar tre grep seg ut. For det første skapte ein aksept for at leiting og utvinning av olje og gass ville dempast i eit gradvis og føreseieleg tempo, etter ein langsiktig plan i staden for stadige interessepolitiske slagsmål frå år til år. Dette gav næringslivet meir føreseielege rammer, og frigjorde gradvis arbeidskraft og kapital til nye føremål. Slik slapp ein unna ei kriseprega, brå og kostbar omstilling.

For det andre blei utdanning, forsking og utvikling vridd over mot omstilling, innovasjon og fornybar energi. Prioriteringa av forskingsmidlar blei lagt om i tråd med det nye tankesettet, og næringslivet fekk sterkare insentiv til å satse på teknologi for ei verd utan fossile brensler. Den sterke interessa for etablering av datasenter blei gjort til ein katalysator for etablering av nye høgteknologiske verksemder. Noreg gjekk frå å vere eit land der næringslivet forska lite, til å bli eit land andre kom til for å lære.

For det tredje vart utdanning og kunnskap gjort til sjølve berebjelken i omstillinga. Kombinasjonen av høge løner og utdanning under middels hadde vore ei svak plattform for konkurranseevna, ikkje minst i oljeregionane langs kysten. No vart universitet og høgskular, saman med næringsliv og offentleg sektor i dei mest oljetunge delane av landet, motorar for kompetanse, nyskaping og utvikling av nye kunnskapsintensive verksemder.

Sesong 1 om att

Sett i ettertid er det mest overraskande kanskje at oppskrifta slett ikkje var ny. På sett og vis var ho henta frå første sesong av Lykkeland. For det som karakteriserte pioner-tida for oljeverksemda på 1970-talet¨, var nettopp at folk og kapital flytta seg mellom næringar og regionar, ut av gamle selskap og inn i nye. Skipsbyggarar vart plattformbyggarar, fiskarar og bønder vart offshorearbeidarar, og eit lite land bygde opp kompetanse det ikkje hadde frå før. Den same evna til fleksibilitet og omstilling måtte hentast fram att, berre med motsett forteikn.

I dag er det framleis liv langs kysten og «lys i husan». Nokre av dei gamle leverandørbedriftene har funne nye marknader, andre er borte. I staden har det vakse fram ein underskog av mindre, nyskapande føretak innan energi, havbruk, materialteknologi, helse og digitale tenester. Blant gründarane finn me folk som ein gong arbeidde i oljen. Lønene er framleis gode, men no fordi produktiviteten er høg, ikkje fordi oljeprisen er det. Oljefondet har fungert som ei bru over ei krevjande overgangstid, ikkje som ei pute å kvile på.

Askeladden sin veg

Brørne i eventyra til Asbjørnsen og Moe gjekk gjerne den breie, opptrakka vegen. Det var Askeladden som tok vare på det andre såg forbi, og som difor hadde noko å by på då det verkeleg gjaldt. I 2020-åra var oljeverksemda den opptrakka vegen, og det fanst mange gode grunnar til å halde seg der. Det var trygt, det var lønsamt, og det var det me kunne.

Lykkeland fekk ein lykkeleg utgang fordi me til slutt gjorde som Askeladden, og valde ein veg utanom det historiske hovudsporet. Me innsåg at oljen uansett ville ta slutt, tok konsekvensane, og byrja å investere i det einaste som ikkje tek slutt: kunnskap, nyskaping og evna til å endre seg. Det var ikkje gitt at det skulle gå slik. Men det byrja med at nokon våga å fortelje ei ny forteljing.

Stavanger, 14. oktober 2026